Vi som trur på englane

– Meditasjon ved Mikkelsmess

GPS-satelitten veit alltid kvar vi er. Fiberoptisk breiband set oss i kontakt med heile verda. Det er ikkje lett lenger å skulle tru berre på det synlege og konkrete. Er det då lettare også å tru på englane?

Om englane må vi lære av dei som har møtt dei. Natanael skal få sjå englane stige opp og ned over Menneskesonen, lovar Jesus. Jakob såg dei klatre på himmelstigen. Profetar såg heile englehærar kjempe for Guds folk. Apostelen Johannes fekk eit syn av gudstenestelivet i himmelen med alle englane. Og kvar einaste av Jesu små brør og systre har ein engel i himmelen som alltid ser Guds andlet, seier Jesus.

Englar er nemnde over 300 gongar i Bibelen. Dei har større kunnskap, reinare intelligens og klårare innsyn i Guds løynde planar enn vi menneske. Difor skal vi vise dei respekt og ære utan å gjere dei til gud.

«Vår gamle fiend hård / til strid imot oss står, stor makt og arge list / han bruker mot oss visst. På jord er ei hans like», lærer Luther oss om kampen mellom Gud og djevelen, motpolar på verdsarenaen. Satan har medløparar i vonde makter, og Gud har tenarar som arbeider for Han og for det gode. To rike i strid med kvarandre.

Kristus triumferte over dei vonde maktene på krossen, avvæpna dei og stilte dei fram til spott og spe (Kol 2.14). Men inntil Han kjem att som Menneskesonen i herlegdom med englane, vert kampen ført. Og erkeengelen Mikael er hærføraren for den himmelske hær.

Englane er våre allierte. Vi står i fare og vi går i fare. Det er ikkje berre ein satelitt som fylgjer oss, men englar. Ta det inn over deg, du som er Guds barn.

I krigen mot den vonde, i freistingar, angst og fåre, og i møte med døden er englane våre fylgjesveinar, dei som ser Guds åsyn. Dei vernar oss på alle våre vegar og ser til at ikkje noko vondt kjem nær vårt telt, syng salmisten (Ps 91).

Gud bur ikkje i ein tom himmel. Gud er sosial. Kring Hans himmelske trune bylgjar lovsongen frå engleskarar. Vi må kome dit himmelen opnar seg og Guds englar stig opp og ned. Det er i Guds hus. Der feirar vi gudsteneste i ringen av dei heilage og av englane. Vi har det vi treng av medhjelparar både i kampen mot vondskapen og i den liturgiske lovsongen. La oss sameina våre røyster med deira og tilbedande syngja til Lammets pris og ære.

Fr. Ottar Mikael

Translate »