“The Faith of the Undivided Church”

Det er ein stor visjon og eit ambisiøst program Den nordisk-katolske Kyrkja er del av. Det kom tydeleg fram under den internasjonale konferansen i Mainz, Tyskland, arrangert for fjerde gong i år.

Konferansen samla folk frå heile Scranton-unionen, fire frå vårt land i lag med 35 deltakarar frå USA, Irland, England og Tyskland. Halvparten deltok i ei engelsktalande avdeling med teologiske drøftingar av spørsmål knytt til vårt læredokument ”Road to Unity”. Halvparten var medlemar av den tyske regionen av DNKK samla til kyrkjestemne samtidig og på same stad. Eit fruktbart fellesskap med internasjonal breidde og liturgiar på både tysk og engelsk.

Samtalane krinsa kring det viktige læredokumentet som voks fram av den ortodoks-gamalkatolske kommisjonen som konkluderte på slutten av 1980-talet med full læremessig semje utan at det den gongen vart dregne jurisdiksjonelle konklusjonar.

Scranton-unionen sin økumeniske sekretær, fr. sr. Rob M. Nemkovich jr., framstilte historia som førte fram til dette viktige konsensus-dokumentet.

Vår nyaste prest i London, fr. Calvin Robinson, drog opp visjonen av korleis gamalkatolske og anglikanske kyrkjer kunne finne kvarandre i ekumenisk fellesskap utan paveleg overherredøme.

Biskop Roald Nikolai viste korleis splitting og strid mellom kyrkjene i dag kan overvinnast med oldkyrkjelege førebilete.

Presten for kyrkjelyden i Mosel-dalen, fr. Frederik Hertzberg, gjekk gjennom konsensus-dokumentet sine paragrafar om ekklesiologi og heldt fram at det er ingen hinder for at Scranton-unionen og ortodokse kyrkjer skulle kunne finne saman i kanonisk fellesskap.

Erkebiskop Anthonius (Mikovsky) gav visjonar for korleis Kyrkja skal overleve i ei tid då ho er pressa frå ei stadig meir sekularisert samtid og truga av splitting innanfrå.

Bileta frå konferansen viser ei vårleg stemning i den gamle byen ved breidda av elva Rhinen, som kunne vitna om mange store hendingar gjennom kyrkja si historie, om ho berre kunne kome til orde.

+ Ottar Mikael

Fr. Rob gir fr. Daniel (Gerte)Blasius-velsignelsen, en gammel forbønn om Guds beskyttelse mot halsonder.

Fr. Rob gir fr. Daniel (Gerte)Blasius-velsignelsen, en gammel forbønn om Guds beskyttelse mot halsonder. Denne skikken er spesielt utbredt i Tyskland.

Translate »