Stemnehelg i St. Olav 29.-30. august

Det tradisjonsrike laurdagsseminaret i St. Olav gjekk av stabelen siste helg i august. Dette året med Kjell Arild Pollestad som foredragshaldar. Den velkjende pateren tok oss med inn i bibelomsetjaren si verd: «Guds ord det er vår fedrearv – kampen om bibelomsetjinga».

Pollestad er vel halvvegs i arbeidet med si bibelomsetjing der han tek mål av seg å levere ein norsk versjon som er meir rytmisk i dei poetiske avsnitta og mindre skjemma av modernisering i stil, språkdrakt og innhald.

Ei velfylt kyrkje (med corona-avstand) fekk oppleve ein veltalande forfattar og omsetjar som gjorde arbeidet med grunnteksten interessant og forståeleg for tenkjande bibellesarar. Det heile krydra med utfall, innfall og kommentarar i mange retningar.

Under høgmessa søndag vart Erling Elias krismert av biskop Roald Nikolai som i preika vende seg til konfirmanten (her).

Som alltid er desse handlingane med salving og forbøn gripande opplevingar for både hovudpersonen og kyrkjelyden. Det nye medlemet i St. Olav misjon vart grundig feira utover dagen.

Salving med gledens olje

Bønn over konfirmanten

Translate »