Stemne i Nordfjord

I aksen mellom Innvik kyrkje og Innvik fjordhotell utspelte seg sist helg eit kyrkjestemne med høg programkvalitet liturgisk, teologisk, kunstnarisk, kulinarisk og sosialt.

Eit 20-tals deltakarar kom frå heile Vestlandet, Trondheim og Austlandet.

Den nye tidebønsboka var både i flittig bruk fire gongar for dag, og utgangspunkt for inspirerande foredrag om religiøs folkesong i Nordfjord. Songaren Dag Vanberg tok oss med inn i livet til fleire av dei som har tradert desse songane og gav oss vakre døme på både korleis dei song og kva dei song om.

Thomas a Kempis, munken frå 1400-talet som gav oss klassikaren ’Imitation Christi’, stod i sentrum for tematale og samtale. Biletkunstnaren, læraren og tenkjaren Magne Viggo Kristiansen opna utfordrande perspektiv for oss som Kristus-etterfylgjarar.

Sølvi Heggem Lundin gav oss diktet om bonden Paavo (av J.L. Runeberg). Asbjørn Eikenes og Magne framførte Schumann. Og Simon i støa og katten kom også og let høyre frå seg.

Deltakarane var veldig samstemte om at dette både var ein god stad for kyrkjestemne og bestillinga var at det må bli tradisjon.

Søndag var det messe med evangeliet om Guds store gjestebod. Det himmelske bryllaupet vart halde samstundes i Innvik kyrkje og kring Lammets trune i himmelen.