Laurdag 18. oktober vart diakon Mario Sánchez til fader Mario Alejandro. Fader Mario Alejandro leiar vår misjon i Madrid, og med ein delegasjon på fire tok han turen til Oslo og vart presteordinert i St. Johannes Døyparen.
Mario har studert i 6 år filosofi og katolsk teologi ved universitetet i Sevilla. Etter det har han teke BA i luthersk teologi ved Concordia seminaret i Dominikanske Republikk samt eit kurs i fundamentalteologi ved TECH.
Fr. Mario Alejandro hadde si eldprøve som predikant på søndagen. Sjølv om han enno ikkje er flytande i engelsk, preika han på engelsk om det doble kjærleiksbodet så alle forstod.
Han har praksis som romersk-katolsk akolytt og barne- og ungdomskateket i Sevilla. Seinare har han fullført utdanning ved det romersk-katolske seminaret i Sevilla med spesialisering i omsorg for sjuke.
I fem år var han medlem av den evangelisk-lutherske kyrkja i Sevilla og misjonær for denne kyrkja i Den dominikanske republikken der han m.a. gjorde teneste som rettleiar og lærar for prestestudentar og diakonisser. Han arbeider i dag som farmasøyt i eit apotek i byen Valladolid.
I 2022 kom han til Den nordisk-katolske kyrkja der han vart diakonvigsla av biskop Roald Nikolai same året.
Det er ei lita men aktivt misjonerande gruppe kyrkjemedlemar som no satsar for fullt i Madrid. Dei har til no samlast i høgst mellombels lokale, men er i ferd med å inngå avtale om bruk av eit kyrkjekapell der det vert messefeiring kvar sundag og bibelundervisning på vekedagar.
Dei har høg kompetanse på digitale medier og satsar på å nå ut til folk på fleire platformer. Fr. Mario Alejandro sine næraste medarbeidarar heiter Jonathan og Miguel. Hugs dei i bønene dine.
Biskop Ottar Mikael















