Rise, let us go from here! – Internasjonal teologisk konferanse på Gran

Ein teologisk konferanse mellom gamalkatolske og anglokatolske gjekk av stabelen i august, den siste i ei rekkje økumeniske konferansar på Gran siste åra. Ei målsetjing har vore for ulike kyrkjer med samsvarande teologisk og kyrkjeleg profil å kome kvarandre nærare i gjensidig forståing og praksis. Eit tjuetals deltakarar frå Sør-Sudan, Tyskland, England, USA, Sverige og Noreg deltok, med erkebiskop Antonius (Mikovsky) i spissen.

Sidan 2018 har ein i Scranton-unionen diskutert det som vart kalla ’ecumenism in the trenches’. No er målsetjinga å kome opp frå skyttargravene og kjempe saman skulder ved skulder for ei kyrkjeleg framtid i ei etterkristen tid.

Målsetjinga er så fint formulert på engelsk «for the restoration and renewal of the Undivided Church through a renewed Catholicity».

Dette året var fokus på å finne ein felles veg vidare ut av det sekulariserte Vesten sin fangenskap der majoritetskyrkjene i land etter land gir etter for gnostisk påverknad og sviktar den kristne trua og tradisjonen. Biskop Roald Nikolai, erkedegn Jeremy Boccabello og erkebiskop Antonius heldt kvar sitt foredrag.

Dei daglege tidebønene og messefeiringa vart halde i den vakre Nicolaikyrkja, medan samlingane elles var på Hotell Hadeland.

Translate »