Ordinasjonar i Budapest

Den nordisk-katolske Kyrkja har ei liten, men svært levande avdeling i Ungarn. Fyrste adventshelga møttes folk frå seks stadar til ordinasjonar i hovudstaden. Fire nye diakonar vart vigsla, dagen etter var dei berre tre, for den eine vart prestevigd.

Fr Zolt arbeider som prest og sosialarbeidar mellom rom-folket i byen Gyomaendröd. Tross i fleire timar reisetid, hadde ei heil gruppe frå kyrkjelyden hans møtt opp i ordinasjonen.

Dei tre andre nye diakonane er spreidde utover landet. János samarbeider med fr Zolt i Gyomaendröd. Balázs har ansvar for ein kyrkjelyd i vestlege Györ, og Zoltán vil bygge opp ein mellom ungarsk-talande folk i vestlege Romania.

Leiaren for kyrkjearbeidet vårt i Ungarn/Slovakia er fr. Peter som bur i vestlege Ikervar. I Budapest er fr. Aelred prest, og i slovakiske Rožňava bur og arbeider fr. Zoltán.

Ingen av desse er løna av kyrkja, men lever av sitt teltmakeri. Sjølv om Ungarn er midt i Europa, både på linja aust-vest og på lina nord-sør, er alle desse i ein utkant av DNKK. Vi arbeider og bed om vekst for arbeidet deira, og vil legge vinn på at dei skal kjenne seg integrerte av heile kyrkja.

Be for våre vener i Ungarn/Slovakia/Romania. Meir info om namn og bilete kjem også på den tyske heimesida for DNKK.

+ Ottar Mikael

Frå prestevigsla 2. desember:

Translate »