Både i samfunnet og i Kyrkja er der rangorden. Ikkje alle er like. «Fyrstane er herrar over folka, og stormennene har velde over dei,» seier Jesus. Men «såleis er det ikkje hjå dykk.»
«Eg er som ein tenar mellom dykk,» seier Jesus om seg sjølv. Eit sedskifte må til: Ny tankegang og ny praksis. Jesu læresveinar må bøyast etter eit bøyningsmønster som kjem frå himmelen. «Som i himmelen så og på jorda.»
Også for Jesus var Faderens vilje norm. Det måtte eit offer til for at Hans vilje skulle skje. Eit martyrium. Sameleis måtte eit martyrium til for at Kristus-trua skulle slå rot her i landet. Heilag-Olav vart martyren som sette målestokken.
«Kristus er den fremste i lovene våre». Under denne kulturen ligg tanken om samfunnet som ein guddomeleg institusjon.
For moderne øyre høyrest dette som sand i maskineriet. Men det handlar ikkje om prestestyre. Men om Guds vilje som norm for dei som har fått styringssansvaret.
Olsok er vår årlege påminning om denne tradisjonen. Seinare har store samfunnsendringar sett tradisjonen på prøve, og menneske vil leggje andre normer til grunn enn den gudgjevne: Ny verdisetjing for mennesket, ny målestokk for framgang, ny rangordning i samfunnet, ny verdisetjing på arbeid og tid, ny forståing av privat og offentleg, nye syn på kjønnsroller.
Vi merkar det i lovverket, sist med den kjønnsnøytrale ekteskapslova. Og det merkast på tenkjemåte og levemåte. Det er ikkje lenger sjølvsagt at søndagen er Herrens dag. Ikkje lenger sjølvsagt at Gud får velsigne maten og syrgje for livet. Det opplyste mennesket vil vere sin eigen herre, sjølvbestemt og med full sjølvråderett utan guddomeleg innblanding.
Dette er sedskiftet frå Heilag-Olav si tid i revers. Vi må vere dei første til å innsjå det og dei første til å leve motkulturelt.
Menneskesonen er komen, ikkje for å la seg tene, men for sjølv å tene og gi livet sitt. Lev for Han og Hans vilje som skapte deg og har gitt den gode viljen for alt menneskeliv på jorda. Den som ikkje vil la Hans vilje råde, må sjølv ta ansvaret for dagen, samfunnet, livet og framtida. Det er vi lite tente med.
Fr. Ottar Mikael