Ein skal ha rimeleg god kondisjon, som skal delta på generalsynode i moderkyrkja vår, Polish National Catholic Church. Sist veke deltok eg både på det tre dagar lange synodemøtet og på 125-års jubileumsfeiringa deira. Møtesesjonane varte frå kl. åtte om morgonen til halv ti om kvelden med rimeleg korte matpausar.
PNCC har bispedøme mest i austlege USA og eitt i Canada, men strekkjer seg likevel frå Las Vegas i vest til Winnipeg i nord og Florida i sør. 154 utsendingar deltok på synoden, og etter presentasjon og debatt kring ei tilsynelatande uendeleg rekkje rapportar kom ein spanande samtale om ”Future Directions”.
Dei siste to åra har kyrkja hatt gåande eit program med fem tema:
kyrkjevekst og medlemar
åndeleg vekst
livslang læring
kall til diakon- og presteteneste
engasjement i lokalsamfunnet.
Til kvart tema har kyrkjelydane fått månadleg inspirasjonsbrev med utfordringar til samtale og til å bli omsette til praksis lokalt. Eit vitnemål om ei kyrkje som tek seg sjølv og samtida på alvor.
PNCC har solide åndelege røter og ei historie med sterkt folkeleg engasjement. Her har vore forkynt og undervist i 125 år om den udelte kyrkja si tru under slagordet Sanning, Arbeid og Kamp. Likevel er kyrkja i dag, som alle andre kyrkjesamfunn i Vesten, utfordra av tilbakegong i medlemstal og prestekall.

Bispekollegiet konselebrerer ved synodemessen. Biskop Otar Mikael ytterst til venstre, biskop Roald Nikolai ytterst til høyre
Som den nyaste biskopen i ensemblet måtte eg offisielt underteikne Scranton-erklæringa ved starten av synode-messa.
Om, forhåpentleg, kort tid får eg ein ny kollega i PNCCs Central Diocese: