I heile november månad har vi levd i spennet mellom Alle Helgens Dag og Kristi kongefest. Slik held vi også fram resten av livet.
Å vere helgenar er vi døypte og salva til. Vi lever ikkje lenger sjølve, men Kristus, den heilage, lever i oss. Hans mål er å forvandle oss og våre liv så heilagdom skal fylgje i våre spor.
Sæleprisingane på Alle Helgens Dag får gjenklang i domsscena på Kristi kongefest. Dei fattige, syrgjande, tolsame osb. er kjenneteikna av det dei manglar. Desse er det som har auge for dei svoltne, tyrste, kalde og einsame dei møter og som Jesus stiller på si høgre side.
Til desse seier Jesus på den store oppgjersdagen: „Velsigna er de.“ Måtte vi leve som velsigninga sine born.
Etter fjorårets organisering av bispedømet i fleire språkregionar er vi eitt stift frå Atlanterhavet til Svartehavet, frå Nordsjøen til Middelhavet.
I løpet av året har den tyske og den ungarske regionen organisert seg med val av styre og råd.
Økumenisk visjon
I mai var representantar frå lutherske, anglikanske og gamalkatolske kyrkjer i Europa, Afrika og Amerika samla til økumeniske drøftingar i Oslo. Vårt mål er samarbeid for å skape katolske fellesskap på tvers av jurisdiksjonelle skilje.
DNKK har samla sin ekumeniske visjon for ein felles veg i dokumentet «A proposal to create Catholic Fellowships». I kritiske tider er samhaldet avgjerande for at den kristne kyrkja skal overleve, hardt pressa av eksklusjon i ’mainstream’ kyrkjer samt aggressiv sekularisme og radikal islamisme.
Visitas i Ungarske Region
Eg hadde gleda av i haust å vitje våre kyrkjelydar og folk i Romania, Ungarn og Slovakia.
I byen Leghia i Romania er Zoltán Mureșan (Fülöp) i ferd med å bygge ein kyrkjelyd av ungarsktalande. I eit hus på heimstaden sin har han innreidd kapell og overnattingsrom for gjesteprestar. I september vart altaret vigsla.
Fr Zoltán har sidan 2023 arbeidd som diakon, og ved ei messe i Gyomaendröd i aust-Ungarn vart han vigsla til prest.
Her i Gyomaendrõd vart i februar den andre kyrkjelyden (Kuratie) i den ungarske region godkjent. Kyrkjelyden ber namnet Den Heilage Familien.
Presten i Gyomaendrõd, fr Zsolt Szécsi, har utmerka seg på fleire måtar med framståande økumeniske kontaktar, uvanleg gode relasjonar til politiske og kyrkjelege instansar. Han har stor anerkjenning i dei to byane Gyomaendröd og Békés. Han er difor tildelt retten til å bere tittelen ’Kanoniker’ og å bere cassock med fargeband.
I Slovakia fekk vi tilbod om samarbeid med den slovakiske presten, professoren og forretnings-mannen György Pál Pápay. Fr György har gode kontaktar i både kyrkjelege og akademiske krinsar i tillegg til verksemda med avisutgjeving og entreprenør-verksemd. Han har lova å bruke sine kontaktar for å hjelpe kyrkja i Ungarn/ Slovakia å få bygd eit kyrkjeleg senter, etablere vidare organisasjons-struktur og rekruttere med-arbeidarar. Det står enno att å sjå kva som kan kome ut av samarbeidet.
Williamiterordenen
I Ungarn har på initiativ frå fr Aelred (Széles Tamás) blitt oppretta ein augustinsk eremittorden oppkalla etter den heilage William av Malavalle, med namnet Ordo Eremitarum Sancti Guillelmi.
Ordenen bygg på gamal-katolsk tradisjon. Medlemane vigslar livet sitt til meditasjon og kontemplasjon (devotio interior) og til pastoral teneste for kyrkja med åndelege foredrag, retrettar og inspirasjon for kollegar og truande.
Fr Aelred er oppnemnd til prior for ordenen sitt fyrste konvent i Budapest. Meir informasjon på den engelskspråklege heimesida https://williamiteorder.org
Latinsk region
Den latinske regionen arbeider framleis med organisering. Fr Liborio (Antonio Matasso), vår generalvikar busett på Sicilia, planlegg ein konferanse til vinteren for å ta eit viktig steg framover.
I september vitja eg kyrkjelyden vår i Udine, Italia, der fr Davide Mossenta i fleire år har arbeidd. Ved søndagsmessa i utandørskapellet San Giovanni Eremita i Udine vart Donatello Villano diakonvigsla og ber namnet fr Ambrogio.
Fr Davide arbeider fulltid i eit IT-selskap, men er like oppteken av å bygge kyrkjelyd i heimbyen.
Frankrike har fått ny prest dette året. Ved ei messe i St Johannes, Oslo, i juni vart Sébastienne de Marneffe presteordinert til teneste i St Genis Pouilly, ein mindre by i nærleiken av Genève.
I Madrid er fr Mario Alejandro igong med etablering av kyrkjelyd. Han vart presteordinert i Oslo i oktober og har ei lita, men sterk gruppe rundt seg i dette gründararbeidet. Dei ser etter eit lokale for messefeiring.
Tysk region
Allehelgenshelga var vår tyske region samla til «Regionaltreffen» i Paderborn. Høgdepunktet var diakonordinasjon av Antonio Sánchez som har teke initiativ til den spansk-tyske kyrkjelyden som held på å vekse fram i Bielefeld. Her er målet i løpet av vinteren å kome i gong med søndagleg messe i sjukehuskapellet. Bielefeld vert det fjerde kyrkjelydssenteret i Tyskland.
Den teologiske konferansen i Mainz har blitt ein årelang tradisjon. Fr Daniel Gerte er planleggar og drivkraft bak konferansen som har samla teologar og lekfolk frå anglikansk og luthersk hald i tillegg til våre eigne. Neste gong i månadsskiftet januar-februar.
Engelsk region
Den engelske regionen miste gode lekfolk under pandemien, og dette året også patriarkfiguren fr Francis Gardom, den andre av dei opphavleg inkardinerte prestane som har døydd. Fr Francis arbeidde kreativt i årevis worked creatively over many years for å skape ei framtid for oss. Vi vart istaden velsigna med å ta imot fr Colin Hewitt, ein klok og svært erfaren prest, som vart ordinert i Oslo denne våren.
Prestar, biskopar og lekfolk i stort antal har forlate Church of England og funne seg ny heim i den romersk-katolske kyrkja medan andre berre har slutta å gå i si heimekyrkje. Tross ei varig straum av spørsmål frå personar som etterlyser tradisjonelt kyrkjelydsliv, er det får som har forståing for at framtida krev at vi tek større ansvar sjølve.
Inga ‘mainstream’ kyrkje er lenger open for anna enn å sikre si eiga overleving medan folk strevar med å vere trufaste i sekulære kulturar som er brutalt fiendsleg til kristen tru. Vårt initiativ “Societies for the Faith of the Undivided Church” er meir naudsynt enn på lenge.
Små grupper lik oss har dukka opp i England, og kanskje har vi ei framtid saman med somme av dei. Trongen for lokale fellesskap er truleg det prosjektet som kan bli modellen for ei varig katolsk kyrkje over heile Europa, utan at vi riv ned den episkopale strukturen vi I DNKK treng for å overleve.
Skandinavisk region
I Noreg har både St Mikael og St Johannes fått ny sokneprest. Fr Erik Matias og fr Håkon Johannes har teke over etter fr Tore Andreas og fr Asle Ambrosius. Kyrkja i Oslo har elles vore i bruk både til internasjonal konferanse og internasjonale ordinasjonar dette året.
I Skandinavia ventar og bed vi om prest til å gå inn i oppgåver i Sverige. Og vi treng prestar for heile kysten frå Trondheim i nord til Kristiansand i sør.
Kyrkjeårsbind av nytt tidebønsantifonale samt norsk missale for dåp, vigsel og gravferd nærmar seg trykking.
Advent
Når dette vert lese, er vi truleg midt i adventstida. Guds rike er kome nær. Herren kjem til si kyrkje. Vend om og tru på evangeliet!
Guds nåde vere med dykk alle denne adventstida
Bergen, Advent 2025
+ Ottar Mikael Myrseth








