Advent
Slutten av november er ofte prega av storm og haglbyger. Slik ser det ut frå vindauget mitt nett no. Det er som ein gjenklang av bibeltekstane vi les desse dagane om endetidsteikna: Rykte om krig, opprør, hungersnaud, forræderi, hat og falske profetar. (Mt 24)
Men så snart advent lyser opp, skifter fokus framover mot han som skal kome. Han kjem til si kyrkje og hans vegryddar er framfor han. Han kjem med frelse og forløysing, og i hans lys vert dei skræmande endetidsteikna forvandla til von. Han kjem i sin herlegdom, med makt og kongevelde. Alle kne skal då bøye seg for han – i himmelen alle englane, på jorda alle menneske, i det djupe alle demonar og makter. Alle skal erkjenne: Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære.
Europeisk bispedøme
Dette året har hatt med seg store organisasjonsmessige endringar for kyrkja vår. Vedtaket i Generalsynoden den 7. mai, inneber at nasjonar/regionar i nye land i Europa kan bli ordinær del av bispedømet. I juni hadde vi fyrste møtet i Church Council, med deltakarar frå alle tre regionane: Den ungarske og den tyske og den skandinaviske.
Det er ikkje vanskeleg å skjøne at eit pan-europeisk stift er ein krevande konstruksjon. Eg trur ikkje vi skal ha éin sams kyrkjekultur som målsetjing. Vi kan nok meistre dei språklege forskjelane med engelsk som offisielt språk og tysk som hjelpespråk. Men vi står overfor ganske ulike nasjonale og kyrkjelege kulturar og møter til dels sterkt ulike statsjuridiske ordningar.
Mitt syn er difor at vi bør sikte mot å vere eitt bispedøme med ulike ekklesiologiske kulturar tilpassa kvar region. Teologisk må vårt mål vere å fasthalde ein sams gamal-katolsk identitet. Strukturelt vil vi ha biskopen, generalsynoden og kyrkjerådet felles. Men elles vil kvar region har stor fridom til å ivareta sin eigen profil: Juridisk, økonomisk, administrativt og åndeleg. Eg vil oppmuntre kvar generalvikar til å samle lekfolk og kleresi til inspirasjons-møte og kyrkjedagar. Vi vil dei neste åra halde fast på Mainz-konferansen som ein viktig internasjonal møteplass. Om vi maktar å skape fleire inter-regionale møteplassar, ville det vere gledeleg. Og vi må saman rådslå om når tida er moden for å be erkebiskopen om å akseptere valet av visebiskop.
Latinsk region
I oktober aksepterte det internasjonale bispemøtet for Scranton-unionen (ICBC) biskop Roald Nikolais ynskje om pensjonering. Han vart takka under det skandinaviske stemnet på Gran i oktober. Hans episkopale ansvar for mandatområda i Europa (Italia, Spania, Franrike og England) vart overførte til meg.
Dei latinske landa i desse områda er no i ferd med å organisere seg for å kunne bli ein eigen region. Fr Liborio (Antonio Matasso) er utnemnd til generalvikar for Italia, Spania og Frankrike. Ein ny prest vart ordinert i Franrike og ein presteordinasjon er nært foreståande i Madrid.
Tyskspråkleg region
Ein ny kyrkjelyd såg dagsens ljos i fjor sommar, Kuratie St. Helena, Mittelmosel. Ei stor og levande gruppe medlemar har vakse fram her. Under eit biskopeleg besøk i påskeoktaven vart Josef Markus Steffen vigsla til teneste som diakon og Nikolaus Schweisel som subdiakon for St Helena. Fr Daniel har det pastorale ansvaret for St Helena.
I oktober var det bispevisitas i Kaufbeuren hjå fr. Franz Roman og hjå abbed Michael og brørne Georg og Maximillian i St. Severin kloster. Klosteret var hyggeleg vertskap, og fr. Franz sørga for transport.
Vi fekk god tid til å drøfte både det fruktbare arbeidet fr. Franz står i, som ber namnet Kuratie St Michael, klosteret si sjølvforståing og samarbeidet dei imellom. St Severin er moderhus for ordenen Port Royal og var på mange måtar instrumentell då DNKK vart etablert i Tyskland. Her vart dei fyrste initiativ tekne, dei fyrste ordinasjonar gjennomførte og dei fyrste konferansar haldne.
Fr. Franz og abbed Michael arbeider godt for styrking av relasjonane mellom kyrkja og klosteret. Vi bad tidebøner i klosteret og feira felles søndagsmesse.
Eit besøk med hyggeleg omvisning i det romersk-katolske klosteret Sta. Crescentia for fransiskanske nonner i Kaufbeuren, vart det også tid til.
Ungarskspråkleg region
I Øst-Ungarn slutta eit aktivt, uavhengig og samtidig liturgisk frikyrkjesamfunn seg til NKK i 2023. Det vart til «Det gamal-katolske fellesskapet av Den heilage Familien». Leiaren var den tidligare pastoren Zsolt Szécsi, som vart ordinert til prest av meg i Budapest i desember i fjor. Gamal-katolikkane i Gyomaendrőd har hatt eit aktivt kyrkjeliv sidan den gong. Talrike nye medlemar har kome til, fleire born og vaksne er blitt døypte og konfirmerte. Ei liten forsamling vart grunnlagt i den nærliggande byen Békés.
Pater Zsolt tar seg av meir enn 40 medlemar, men kristne frå andre trussamfunn deltek også på gudstenestene og bibelkursa. Samfunnet har svært gode økumeniske relasjonar, spesielt med protestantiske systre og brør. Den diaikonale innsatsen er eksemplarisk.
Samfunnet har eit mellombels kapell i Gyomaendrőd og eit permanent i Békés. «The Old Catholic Community of the Holy Family» er førebels ikkje formelt eit sjølvstendig sokn, men er det i praksis og er venta å bli offisielt godkjent snart.
Skandinavisk region
Eit høgdepunkt i årsprogrammet for den skandinaviske regionen, er kyrkjestemnet på Gran i oktober. «Det sakramentale livet» var årets tema. Vel 50 deltakarar fekk også møte vår ungarske kollega, fr. Aelred OPRSO, som gav oss innføring i korleis den benediktinske regula kan inspirere det åndelege livet både i kyrkjelydar og heimar.
På den skandinaviske heimesida fins både bilete frå aktivitetar i Skandinavia og somme tekstar på engelsk.
Kleresiet
Somme kjem og andre går. I fleire land har det blitt endringar i kleresiet dette året.
Det nemnde Kuratie St Helena miste presten sin ettersom fr. Frederik Hertzberg forlot oss og slutta seg til ei ortodoks kyrkje.
Bp. Roald Nikolai ordinerte i september i Ayssène, i sørlege Aveyron ved klosteret Nortre Dame du Caussanel, Frankrike, ein ny prest, Cyrille Louise. Fr Cyrille er tidlegare dominikanar og har akademiske utdanning innan teologi, filosofi og business-administrasjon. Bilete frå ordinasjonen finst på heimesida www.nordiccatholic.com
Fr. Calvin Robinson som vart presteordinert i London i november i fjor, har forlatt oss for å gjere teneste i Anglican Catholic Church i Michigan, USA.
I Oslo fekk St Johannes Døperen ny subdiakon i Herman Nikolai Massen i november. Og i desember vil diakon Håkon Johannes Andersen bli presteordinert.
Advent
«Bu deg, Israel, til å møte din Gud,» seier profeten Amos (4,12). Når du innser dette, er det mykje du kan greie deg utan og mykje du kan halde ut. Ikkje seinare, men no. Kristendom er ikkje ein livsstil. Kyrkja er ikkje ein klubb. For vi trur på han som kjem med nye himlar og ei ny jord.
Han seier «Eg kjem snart», og kyrkja svarar alltid «Maran atha! Kom, Herre, Jesus!»
Guds nåde vere med dykk alle denne adventstida.
Bergen, Advent 2024
+ Ottar Mikael Myrseth






