Mykje lys og varme

epifania4

i Epifania-tida i kyrkjeåret. Epifania er framhaldet av juletida, ei biletrik og innhaldsrik periode i det kristne året.

Det startar med dei vise menns vitjing hjå Jesusbarnet i stallen og endar med at Jesus stiller stormen på Gennesaretsjøen.

Vismennene openberrar kven han er denne nyfødde kongesonen, døyparen Johannes vitnar om Guds lam og Guds Son ved dåpen i Jordan, Jesus underviser om Guds rike for dei skriftlærde i templet og openberrar Guds herlegdom ved vinunderet i Kana, dei to gamle får møte Frelsaren dei har venta på alle sine levedagar.

Vismennene/kongane kjem frå fjerne folkeslag som vitne om at alle folk skal tilbe barnet i krubba, og dei to gamle ser oppfyllinga av