Marias innsovning

Marias innsovning Ikon fra Novgorod, 12. årh.

15. august feirar vi dagen for Marias innsovning – òg kalla Marimesse om hausten. Dagen avløyser den to veker lange innsovningsfasta og har ei lang historie som minnedag i Kyrkja. Alt på 100-talet markerte den kristne forsamlinga dagen, og hennar innsovning er nemnde av tidlege fedrar som Dionysios Areopagitten og Meliton av Sardes.

Dagen blir også kalla for den andre påska. I følgje tradisjonen vart Maria buande i Johannes sitt hus i Jerusalem. Ho var aktiv i kyrkjelyden heilt til ho døydde på 40-talet. Alle disiplane – med unntak av apostelen Thomas – var til stades ved gravferda hennar i Getsemane. Thomas nådde ikkje fram før tre dagar etter ho var død. Då opna dei grava hennar og oppdaga at ho var mirakuløst borte.

At jomfru Maria vart teken opp til himmelen den tredje dagen, er ikkje unikt. Det gamle testamentet fortel at både Enok og Elisja opplevde himmelfartar, men hennar himmelferd er lik Jesu himmelferd – noko som er ei stor ære for henne. Maria blir æra med ei opprykking til det himmelske på grunn av hennar lydigheit som Theotokos – gudføderske.

Maria Theotokos døydde ikkje. Maria fall i søvn og fekk ein fredfull overgang frå livet her til livet i himmelen. Hennar kropp og sjel vart aldri skilde frå kvarandre, og som Kristus var ho berre i kort tid borte frå Gud. Deretter vart ho førd tilbake til sin elska son og står ved sidan av han slik David profeterer om i Salme 45:10: ”Ved di høgre side står dronninga i Ofir-gull.”

Heller ikkje vi skal døy. Lik Maria skal vi gjennom ei innsovning, for hos dei kristne er der ingen død. Han vart fjerna av Kristus på krossen. Difor seier vi om dei døde at dei har sovna inn eller gått bort. Dei er ikkje døde, men er i ein annan tilstand. Dei søv fram til den endelege oppstoda der vi alle skal stå for Kristi domstol.

Men før vi kjem dit, må vi førebu oss. Liva våre på jorda er ei tilpassing til det himmelske livet. Det er ei reise i menneskeleg guddommeleggjering, og difor er Maria sine ord ”Kva enn han ber dykk om, skal de gjere.” ord til oss. Vi bør som henne strekke oss etter å vere lydige og uthaldande i bønn, i skriftlesing, i deltakinga i sakramenta og i fellesskapen. Slik prisar vi henne sæl.

Fr. Olav Paulinus
Sta. Sunniva, Bergen


Translate »