Temadag i St. Olav kyrkje, 29 august 2015
Øivind Benestad, prest og landskjend lobbyist for det kristne ekteskapssynet, talte sist laurdag i St Olav kyrkje i Ålesund. St Olav har i mange år invitert til opne temadagar om aktuelle spørsmål i skjeringspunktet mellom kyrkje og samfunn. Kampen om ekteskapet og barnet er vel det mest brennbare i desse dagar.
Ei forsamling på knapt 50 menneske vart med på ei spennande reise gjennom den klassiske kristne ekteskapsteologien og korleis denne har blitt forvrengt og fornekta i både politisk og kyrkjeleg kontekst dei siste 10 åra. Benestad illustrerte og kommuniserte tydeleg korleis den kristne læra om ekteskapet har blitt svikta også av kyrkjeleiarar. I dag sit vi att med ein kultur prega av samlivsanarki.
Den store taparen i dei omkalfatringane som har skjedd, er borna. Det gjeld å få inn att barneperspektivet i debatten om ekteskapet, mann og kvinne, hevda Benestad.
Ei dramatisk endring skjedde i Den norske kyrkja mellom 2007, då 9 av 11 biskopar sa at ekteskapet mellom mann og kvinne er ei Gud-gjeven ordning, og 2013 då eit like stort fleirtal støtta den kjønnsnøytrale ekteskapslova.
Benestad viste korleis forsvararane av den nye lova legg til grunn at ekteskapet er ein sosial konstruksjon som gjer det valfritt å velge bort mor eller far, og der omsynet til borna er heilt fråverande. No er relasjonen mor – far – barn gjort til eit valfritt alternativ mellom mange. I språket har rettar, diskriminering og likestilling heilt overteke og opna for ei grenselaus sjølrealisering for vaksne.
Testspørsmåla alle bør stille seg er: Er ekteskapet ei skaparordning for mann og kvinne? Er mor-far-barn-relasjonen unik og vesensulik alle andre? Har born ein gudgjeven rett til sin eigen mor og far?
Desse spørsmåla brenn ekstra sterkt i Den norske kyrkja der diskusjonen har prega heile valet til nytt kyrkjemøte. Men vi er alle om bord i same båten, og både kyrkjeleiarar og truande i alle kyrkjesamfunn må skaffe seg kunnskap, ta stilling og vere med og forme vegen framover for både samfunn og kyrkje.
Sunnmørsposten si reportasje frå denne temadagen kan lesast her.
Fr. Ottar Mikael Myrseth .