Kyrkjestemne i Tyskland

Typisk gamalt byhus i Paderborn

I Paderborn, ein gamal by i hjartet av Tysklands mest folkerike delstat, Nordrhein-Westfalen, samla NKK-folk seg til kyrkjestemne på Allehelgen. Frå Bayern, Moseldalen og Westfalen kom folk og fedre.

Kontrastane er store. Dette er truleg Tysklands rikaste romersk-katolske bispedøme, med 4 milliardar Euro i kjente inntekter kvart år, og kanskje like mykje ukjente. Med så store midlar treng dei ein eigen bank. Men!  Bispedømet har éin -1- teologistudent og 1 kandidat for ordinasjon kvart år. Prestar kan ikkje kjøpast for pengar.

Frå ordinasjonen av diakon Antonio

Ein spesiell attraksjon i kyrkjestemnet vårt var diakonordinasjonen av Antonio som etter kvart vil bli prest for den tysk-spanske kyrkjelyden i Bielefeld, 5 mil herifrå. Elles baud programmet i Paderborn på tidebøner, klosterbesøk og byvandring til kyrkjer og sjåverdige plassar i den gamle byen som stammar frå Karl den store si tid og har namn etter det som vert rekna som Tysklands kortaste elv, Pader. I domkyrkja er St. Liborius gravlagd, ein helgen og biskop som levde og arbeidde på 400-talet i Frankrike, som kollega til den heilage Martin av Tours. I 836 vart relikviane hans overførte til domkyrkja her.

Sr. Ancilla flankert av DNKK-geistlege

Vi var også gjestar i Mikaelsklosteret, eit Augustiner-chorfrauen-kloster, som er sjølvstendig og uavhengig av bispedømet. Her inviterte sr. Ancilla oss inn og baud oss også i framtida å overnatte i klosteret og bruke kloster-kyrkja. Der det er tru, er det gjestfridom.

Den nordiskkatolske kyrkja i Tyskland er i god vekst. Ei gruppe nye medlemar vil bli krismerte ved biskopens neste besøk, i slutten av januar. Kyrkjelydane både i Mosel, Westfalen og Kaufbeuren, Bayern, har eit rikt liv og ein hyggeleg vekst.

Nyast er kyrkjelyden i Bielefed som samlar mange frå den spanske kolonien der. Våre messer vert feira i sjukehuskapellet der nyordinerte diakon Antonio vil ha si teneste. Han arbeider i forskningsavdelinga til eit større tysk selskap, og kona hans er knytt til sjukehuset. Ldag feirar dei messe så ofte fr Daniel kan ta turen frå Warstein, men når diakon Antonio vert prestevigd vert det eit permanent NKK-kyrkjeleg nærver her med søndagleg messe.

Ha både vår tyske region og kyrkjelyden i Bielefed i bønene dykkar.

Diakon Antonio saman med biskop Ottar Mikael, vår tyske generalvikar, fr. Daniel, og andre geistlege. Klikk på biletet for å sjå ein video frå stemnet og ordinasjonen.

+ Ottar Mikael

Fr. Daniel gui-dar i studie-byen sin

Frå byvandringa

Frå vesperen i klosterkyrkja

 

 

 

 

 

Eit blikk gjen-nom Paradis-porten i dom-kyrkja i Pader-born

Møte med sr. Ancilla

Biskopen og tyske DNKK-geistlege i samtale med sr. Ancilla

 

 

 

 

 

 

Frå diakonordinasjonen: Helgenlitaniet

Frå diakonor-dinasjonen: Handspåleg-ginga

 

Translate »