Kyrkjefedrane – storsatsing

Dag Gundersen Storla, som høyrer heime i St Johannes Døyparen kyrkjelyd av DNKK i Oslo, er i gong med ei storsatsing som bør gi gjenklang i heile kristen-Noreg, og vidare ut. Han har starta utgjeving av ein serie kyrkjefedreskrift. Dette skjer i tilknyting til podcast-serien Ulest der NLA-lærarane Peder Solberg og William Grosaas saman med Dagen-journalist Tore Hjalmar Sævik har gått gjennom eit av dei viktigaste skrifta frå kvart kristent århundre.

Dei tre fyrste bøkene er no ute på marknaden. Desse burde finnast i det minste i alle kristne heimar, men også langt utover, hjå historisk, åndeleg og kyrkjeleg interesserte.

Bøkene er til sals hjå St. Johannes Døyparen kyrkjelyd i Oslo. Om ein kjøper bøkene derfrå, går heile inntekta av salet til kyrkjelyden. Kontakt soknepresten, fr. Asle Ambrosius på tlf. 95 23 13 65 eller på e-post.

Translate »