Kvar er kyrkja når tårna fell

Den usynlege Gud inkarnerast i det jordiske og kjøtlege. Vatn, olje, vin, brød, kyrkjebygg, lys, ikon og klokker. Når vi kjem til Sanctus – «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot» står kyrkjelyden og lovsyng saman med den himmelske kyrkjelyden medan klokkene ljomar frå tårnet over vakre Innvik.

For sjette gong har Den nordisk-katolske kyrkja holdt sitt årlege stemne i Innvik.  Det har blitt ein tradisjon å møtast siste helga i april. 21 deltakarar frå heile landet var samla til tidebøner, messe, foredrag og kulturelle innslag.

Dei fleste i generasjon 50-60+ er vokst opp i ein homogen kristen kultur, anten det no var på bedehuset, frikyrkjene eller Den norske kyrkje. Fram til 1968 sto vi kvar morgon ved skulepulten og bad Fader Vår og song frå Landstad si salmebok. Den gongen heitte det «kristendom» og skulen vart ei forlenging av det våre foreldre og fadrar lova ved døypefonten: Å oppdra oss i ei kristen tru og forsaking. Då eg vaks opp vart 95% av alle fødte nordmenn døypt. I 2026 er talet fallt til omlag 50%.

På laurdag kveld vart vi alle samla til festvesper (kveldsbøn) der vår dåp vart stadfesta. Døypefonten er flytta ned til inngongsdøra, vi står vende mot vest og forsakar djevelen og alle hans gjerningar. Så vender vi oss mot altaret i aust og sanner trua på Faderen, Sonen og Heilaganden. Biskopen stenkar så vatn på oss før vi stemmer i lovsongen:

Jublende løfter vi hellige hender, vi som forlengst var fordømt og fortapt!
Nyfødt står folket på skinnende strender, folket av prester som har Herren har skapt.
Kanaans hellige frukt skal vi nyte.
Vin skal vi skjenke, og brød skal vi bryte!
Halleluja! Halleluja! 

(Norsk salmebolk 2013. Nr 184 v.3.
T: Børre Knudsen, M: Ansbach)

Å vere midt i det som skjer

Diakon Anders Beda leser evangeliet.

Første møtet med ei katolsk messe kan få mange til å rygge. Det får da vere grenser for riter og gevantar, sjølv om den nordiske kyrkjekulten er svært nøktern sett i høve til sydlegare stash og glitter. Ja, her er fullt av sanslege, synlege teikn på den usynlege røynda som er bak vår jordiske avgrensing. Når vi feirer messe gjer vi det saman med Guds kyrkjelyd i himmelen. Alt som skjer i vår jordisk messe (missa – måltid) er ei spegling av det som skjer i himmelen. Korleis altaret vert dekka, prestane sine klede, for ikkje snakke om sakramenta, alt er handfaste teikn på at Jesus er verkeleg, kroppsleg nærverande hjå oss.

Det handlar ikkje om jåleri, eller om å imponere Gud eller menneske, enn si fortene noko som helst.  Det handler heller om at vi skrøpelege jordbuarar får vere midt i det som skjer. Kva som då skjer i meg kan gå så opp og ned. Messa er ikkje presten sitt show som skal underhalde oss. Messa er tilbeding, ei veksling av svar og tilsvar mellom presten og kyrkjelyden saman med den himmelske kyrkjelyden.

Vår Mor

«Kyrkja er vår Mor» sa kyrkjefader Cyprian (d. 258). Å gå til kyrkje er å få sette seg på Mor sitt fang og nærast og varmast, sa Luther. Altfor mange  har nok opplevd det motsette av kjærleg rettleiing. I staden for trøyst og glede, vanka det skjenn og fordøming. Den som går til kyrkje må kvitte seg med alle urealistiske fantasiar om den perfekte forsamlinga.

Pulsslaget i den kristne trua er Kristi reelle nærver i brødet og vinen. Det er ikkje meg og mitt eller mine ressursar som kvalifiserer meg til dette nærver, men Guds nåde åleine.

Noko både for hjartet,  hovudet og dansefoten

Å tru er ein heilskap av ånd, sjel og lekam. På laurdagskvelden hadde vi besøk av «institusjonen» Asbjørg og Arne M. Sølvberg som spela og dansa og instruerte i både springar og halling og rekkjedans som vi alle vart invitert med på. Og vi steig ut på dansegolvet det beste vi vann.

Fredagskvelden hadde vi ei lødig smaksprøve på Jakob Sande sitt liv og diktning. Våre eigne medlem, Anne Gunn Pettersen og Dagmar S. F. Wember, inviterte oss med på diktaren sitt store vidd og spenn i hans poesi som har ein karsk eim av rå jord til ein djup indarleg tru på «han som låg i natti seine». Og ikkje minst himmel-jordisk humor.

Det traff seg slik at ein våre medlemar hadde hatt Jakob Sande som lærar i Oslo på 60-tallet. Han sa blandt anna: «Vi forsto nok ikke hvem vi hadde med å gjøre den gangen. Og mange mobbet han. Jeg og noen andre deltok ikke i det og vi fikk den ære å bli invitert på snitter og te. Det ble en uforglemmlig aften!»

«Kvar er kyrkja når tårna fell?»

Glaskunst av elevar ved Vikane barne- og ungdomsskule.
Digital bearbeiding Magne V. Kristiansen

Dette var temaet i biskop Ottar M.  Myrseth sitt foredrag på laurdagen. Heile Europa er i støypeskeia politisk og kyrkjeleg. Noreg er eit erklært sekulært samfunn der trua definerast som noko privat som statsminister Støre ein gong sa. Dei tradisjonelle kyrkjesamfunna har tapt mykje av sin autoritet og hegemoni. Samstundes ser vi åndelege rørsler i generasjon Z som har byrja å spørje etter faste haldepunkt for livet når «tårn etter tårn sokk i grus.» Kven skal vi gå til? Individualismen kan verte eit usikkert prosjekt i lengda. Å vere sin eigen autoritet kan kan bli ei einsam og tung bør.

Kvar kom vi frå?

Kanske dette kunne vere ei kortfatta oppsummering av foredraget til Andreas Tjomsland frå Gloppen. Han  har skreve doktoravhandling om vekkingsrørslene dei siste 150 åra i Skandinavia med spesielt fokus på nordvestlandet. Nordfjord har ikkje vore typisk bedehusland slik vi t.d. finn det i Møre og Romsdal. Sånn sett så er innslaget av pietisme vore sterkare på Møre enn i Nordfjord. Nokon bedehus leggjast ut for sal, andre maktar å revitalisere seg.

Det som slår ein når ein lyttar til Tjomsland si framstilling av dei kristelege organisasjonane er kor liten plass historiebøkene gjev nettopp vekkingsrørslene som viktige innslag i Skandinavisk åndsliv og sosial innsats, ja i heile samfunnslekamen.

Vegen heim

Vi let biskopen få siste ordet slik han avslutta preika i messa på søndag.

«Det er modent å innrøme at du treng ein vegvisar.’Du treng fyr, du treng løkte langs din vei’. Jesus er «ei lampe som gløde i mørket og lose dæ …» dit du ikkje maktar å ta deg fram sjølv.

Vegen heim.

Artikkelen er òg prenta i avisa «Fjordingen». Klikk på biletet for å sjå avisartikkelen.

Magne V. Kristiansen

Translate »