Kristi himmelfartsdag er ein av Kyrkja sine tolv store festdagar. Dagen blir i både Aust- og Vestkyrkja feira førti dagar etter påske til minne om då Jesus førte læresveinane sine ut til Oljeberget. Før han steig opp til himmelen, velsigna han dei og bad dei vente på Heilagandens kome – noko som skjedde pinsedag. Sjølvehendinga er skildra i apostelgjerningane der det står at «han vart lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira».
«Guds son vart menneske for at mennesket kunne bli Gud», skriv den heilage Athanasios av Alexandria. I denne setninga grip han poenget med Kristi himmelfartsdag. For ikkje berre fullfører Jesus Kristus den store frelseplanen denne dagen, men han reiser heim for å bli herleggjort saman med sin far, og for at vi skal bli herleggjort saman med han. Jesus Kristi himmelferd er ei førebuing av guddommeleggjeringa av mennesket.
Ikonet som blir nytta denne dagen er difor eit festikon. Det er måla i lyse fargar og viser vår Herre og Meister stigande i ein mandorla kringsett av herlegdom. Han velsignar forsamlinga med høgrehanda medan han i den venstre held bokrullen. Ikonet seier oss at sjølv om han ikkje er på jorda lenger, så er den himmelske Jesus Kristus framleis opphavet til all velsigning og all kunnskap. Jesus Kristus er framleis Kyrkja si store kjelde.
Under den stigande Kristus finn vi kyrkjelyden. Han er framstilt kaotisk. Læresveinane verkar forvirra og undrande, og Paulus er komen med i forsamlinga sjølv om han endå ikkje er ein kristen då dette historisk skjedde. Dette viser oss kor tidlaus og kor brokete Kristi flokk kan vere. Samtidig finn vi jomfru Maria, Gudføderska, midt i forsamlinga. Ho er framstilt roleg, bedande og i det kvite lyset frå englane. Gudføderska er det fremste dømet på Kristi etterfølging.
Kristi himmelferd er òg eit teikn på Kristi andre kome til jorda. For «denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.». Etter at englane talte desse orda til læresveinane, gjekk dei tilbake til tempelet og «heldt trufast saman i bøn», og dette er det jomfru Maria viser oss i ikonet. I møte med alle meiningane om den siste dagen, held vi oss til bøna, Kyrkja og fellesskapen medan vi ventar på Heilaganden.
fr Olav Paulinus Øien