Andre sundag i advent vart ein festdag i St. Olav kyrkje, Ålesund. Biskop Roald Nikolai krismerte ein ny medlem. Magne Kristiansen kan ein treffe på i blogg-spaltene her på heimesida, men enno fleire kjenner han sikkert som kunstmålar med atelier i Stryn kommune i Nordfjord.
St. Olav har medlemar spreidd over to fylke, frå Åndalsnes i nord til midt nedi Sogn. Så ikkje alle får møtast kvar sundag, men denne sundagen stod både orgel-bruset og songen i taket frå fullsette kyrkjebenkar.
Ta Magne med i bønene dykkar. Og vi er visse på at den heilage Magnus av Orkøyane, som han har fått namnet sitt frå, gjer det same.