Kongen kjem!

Palmesøndag rir Kristus kongen inn i Jerusalem. Ikkje med store parader, men på ein eselfole. For han er reisa til Jerusalem, reisa til krossen og døden, og vi er alle inviterte til å slå følgje. Vi er inviterte til å ta del i det store spelet der Jesus gjennom krossdøden skal sigre over all verdas vondskap – ei reise som vil ta han frå palmesøndag til påskedag.

Athanasios Vasilikos Adaminos / Public domain

Dette blir kalla for den stille veka. Det er veka der heile skapningen held pusten, for alt står og fell på det som skjer i påska. Tida frå inntoget i Jerusalem til den tomme grava er midtpunktet i all historie. Det er verdshjulets nav som alt anna krinsar rundt. Det er både endestasjonen og utgangspunktet for heile skaparverket. Det er møtestaden for fortid og framtid.

Den stille veka blir eigentleg innleia med Lasarus-laurdagen – dagen før palmesøndag. Det er dagen då Jesus vekker Lasarus opp frå dei døde i Betania. Hendinga er eit bilete på vår åndelege oppvakning, men mest eit varsel om Kristi død og oppstode. Lasarus er biletet på Kristi lidingssoge slik døyparen Johannes er bilete på Kristi fødsel.

Det som skjer rundt Lasarus seier oss noko om kven Jesus er. Kristus viser seg som sant menneske ved at han gret og som sann Gud ved at han vekker opp frå dei døde. Samstundes blir vi kalla: «Meisteren er her og spør etter deg», seier Marta til Maria. Det er her invitasjonen til å følgje Jesus den siste vegen kjem. Vi blir inviterte til å få vår eiga personlege påske.

I gleda ved å sjå Kristus som konge er valet enkelt. Vi syng saman med alle: «Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn». Vi kjem han i møte med palmegreiner som eit bilete på lovsong. Vi hyller kongen og legg kappene våre på vegen som symbol på overgjeving, men skjønar vi at han må døy?

Før inntoget stig Jesus av eselet og rir på eselfolen inn i Jerusalem. Eselet er eit bilete på jødane, og folen er heidningfolka. Sistnemnte er verken fullvaksne i lova eller i nåden, men det er dei som bær frelsaren den siste etappen. Kristus kjem ikkje ridande med ein stor hær, men som hovudet for eit folk uvitande om historia, men avhengig av nåden.

Jesus såg at heidningfolka ville følgje han til krossen. Han såg at dei ville fullføre den fasta som Adam braut ved å ete av treet i Edens hage og slik få del i hans herlegdom. Det er dette som er det store spelet. Gjennom påska sine tre heilage dagar; skirtorsdag, langfredag og påskenatt, blir vi vitne til at skapningen igjen får kontakt med Skaparen sin.

Det same kan vi oppleve i eigne liv. Vi kan sjølve få oppleve at Kristus stig inn i liva våre som konge og lét oss døy frå det gamle og attreise oss som nye skapningar i Kristus Jesus. Slik kan vår eiga faste bli vegen tilbake til paradiset. Slik får vi ei personleg påske til ære for Faderen, Sonen og Den heilage ande som var, er og blir éin sann Gud, frå æve til æve. Amen.

Fr. Olav Paulinus

Translate »