Innvik-stemne 2024 – 26.-28. april

Velkomne til seminarhelg i vakre Innvik. Impulsane frå det keltiske vest er betydeleg på vestlandet. Dei keltiske steinkrossane finn vi «overalt». Kinn og Selja er stader nokon vil kalle «thin places». Mang ein trell frå øyrikene i vest song kan hende tidebønene på si ulukkesferd mot aust. Visst var det viktig at kongane etter kvart knesette kristenretten, men det var kan hende krafta hos dei saktmodige vitna som praktiserte trua audmjukt og trufast i århundra før som la grunnen for kristninga av det norrøne folket.

Stemnestaden vert, som vanleg, Innvik Fjordhotell, og tidebøner og messar finn stad i vakre Innvik Kyrkje.

Av programmet nemer me, forutan messefeiring og tidebøn, spanande føredrag og kulturkveldar med keltisk son og kåseri om kristenlivet i vest.

Klikk på biletet for å henta fullstendig program og info om påmelding.

Pris for dobbeltrom: (per pers.): kr. 2350, for einskildrom: kr. 2600.

Translate »