Jesus etterlet seg ein liten familie på jorda og utrustar dei med livsforsikringar, haldepunkt å bygge livet sitt rundt. «Ikkje vere som foreldrelause born,» trøystar Jesus dei med. «Eg kjem til dykk.»
Dette er Talsmannen si gjerning. Heilaganden er kompanjongen, rettleiaren, strategen, rådgjevaren, hjelparen, trøystaren. Ein som skal vere for dei alt det foreldre er for borna sine. Han gir dei livet og held det oppe for dei.
Det pusten er for menneskekroppen, er Heilaganden for Kyrkja. Han pustar liv i kroppen. Kyrkja må no puste med eigne lunger. Heilaganden er lufta som skal sirkulere i Kyrkja og dei truande sine lunger.
Dei skal no leve Jesu liv på jorda. Forkynne som Han, legge hendene på sjuke og be for dei, dele ut brødet og vinen og døype i vatn og Ande. Desse Jesu vener går ut i den verda som hatar dei. Det som før skræmde dei, gjer det ikkje lenger. Dei tør å tru og tale, å satse og ofre livet sitt for det prosjektet Jesus har overgjeve dei.
Slik er vår situasjon idag.
Om profeten Moses heiter det at ”det var som om han såg den usynlege, og difor heldt han ut.” (Hebr 11,27). Synet gjorde Moses uovervinneleg, leiaren med ei av dei vanskelegaste leiaroppgåver i historia.
Vår tru og vår trøyst er at vi ikkje er etterlatne som foreldrelause born. Han er nær oss og med oss. Livet vårt er ikkje forankra i sanseverda. I det usynlege bur Han som styrer og leier våre liv. Og frå den usynlege verda, sender han oss helsingar. Trua er vår mottakarstasjon, kopla opp mot det guddomelege internett. På vår skjerm viser det seg ikonar som er Guds helsingar til oss. Å vandre i tru, er å kunne koden, kunne tolke ikonane og sjå gjennom desse vindauga Gud set framfor oss.
God pinsevandring med Heilaganden som kompanjong, vegleiar, strateg, rådgjevar, hjelpar, trøystar, sannings tolk og talar.
Biskop-elekt Ottar Mikael