«Noen klokker har ringt / noen lys er tent / men ellers har ingenting hendt» kommenterte Rudolf Nilsen si tids julefeiring. Julefeiringa ligg stort sett bak oss for denne gong. Men har noko hendt?
Mellom ikon-motiva finst eitt som vert kalla ‘mandylion’ (= Herren på klesstykket), eit bilete av Jesu ansikt, med langt hår mot eit tøystykke som bakgrunn. Store milde augo har eit merksamt og gjennomtrengjande, men trist blikk.
Dette har hendt: Menneske har sett Guds ansikt. Det er jula. Gud som er eit ljos vi ikkje kan tole, vert eit barn vi kan halde i armane, sjå inn i ansiktet og kome i snakk med. Salmisten si gamle bøn «lat ditt andlet lysa hjå oss» (Salme 67,1) går i oppfylling.
Mange kjenner landsbypresten Don Camillo som dagleg fører samtalar med Kristus på krusifixet i kyrkja. Slik er det blitt etter jul. Den heilage Gud opnar ansiktet og fører samtalar med oss.
Eit ord er eit under, skriv Tor Jonsson. Gud skapte alt med ord. Han brukar ord, formidling, forståing, samtale, samver og venskap. Alt dette som orda utrettar i våre liv. Og i det biletet er vi menneske skapte.
Der er i ordveksling med Gud at vi vert verkeleg menneske. Ord som så lett kan ende i skravl og løgn, kan også opne dei djupaste løyndomar. Ord er guddomelege. Eit ord er eit under. Og når Gud vert fødd som Ordet julenatta, vert det innevarsla ei opplysningstid for menneska.
Den usynlege er blitt eit menneske med ansikt. Han deler våre kår samstundes som Han er Allherskar og Skapar av himmel og jord. Difor er det blitt eit ‘must’ for Kyrkja å framstille dette ansiktet, ikkje berre som forteljing, men som bilete. «I si ferd var han som eit menneske» skriv apostelen.
I Guds verd finst ikkje sjølvrealisering, men ein gjensidig sjølvoppofrande kjærleik. Denne kjærleiken utfaldar seg på jorda når Sonen vert menneske.
Å be framfor ein ikon som denne, er å gå inn i ein lækjande prosess mot det å bli menneske. Gud vil gjere oss heile, både kroppsleg, sjeleleg og åndeleg. Han kjem oss i møte som menneske til menneske. Hans mål er å helge oss heilt igjennom.
Ein mystikar har sagt om Kristus-ikonet:
Dette er ikonet av Kyrkja for kvart sjukt menneske. Alle som mediterer over det, vert vendt mot Kristus og hans ljos. Det som då hender, er ein heilag prosess. Ved denne lækjande opplevinga, vil ikkje einkvar sjuk person bli lækt, men ei helging vil ta til.
Fr. Ottar Mikael Myrsseth