Sist veke var Den nordisk-katolske Kyrkja i Tyskland for andre gongen vertskap for Scranton-unionens internasjonale teologkonferanse. Temaet var «God be in my thinking – the intellectual background of the secularisation», og møtestaden var det katolske stiftssenteret i Mainz og domkyrkja der.
Frå Tyskland, Italia, USA, Irland og Noreg deltok knapt 20 lekfolk og prestar til foredrag, samtalar, tidebøner, messefeiring og sosialt fellesskap kring dagsaktuelle utfordringar. I neste omgong vil tankar og planar bli formidla til kyrkjelege leiarar og kyrkjefolk på alle kontinent vi er representerte.
Den kristne kyrkja i Vesten møter i dag ei stadig meir aggressiv gnostisisme, mykje likt det dei fyrste kristne gjorde. Vi treng å skjerpe vår innsikt og gjere som apostelen Peter formaner: «Helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig.» (1Pet 3,15)
Organisatoriske og praktiske samarbeidsspørsmål var på dagsorden, og lokale program og planar frå fleire land vart utveksla. M.a. fekk erkebiskop Anthonius sitt eksemplar av den nytrykte skandinaviske messeboka.
Her ei summarisk oversikt over tema som vart drøfta:
-
- «Marx’ idea of a ‘new man’» (Flemestad – via Zoom)
- «The gender issue» (Myrseth)
- «Keeping the faith in a hostile culture, inspiration from D. Bonhoeffer” (Needham)
- “A way forward from the present crisis” (Boccabello). “To discover Ecumenical Imagination in a Post Church World” (Donlon).