Fornying, forandring, forvandling

Fornying, forandring og forvandling er stort sett ord med positiv klang i dag. Vi er oppfostra med fornying. Heile vårt notidige samfunnsprosjekt handlar om betre og betre dag for dag. Som ei slags blind utvikling gjennom historia.

Politikarar og samfunnstoppar har optimisme som levebrød. Men kva vil dei eigentleg? At vi blir rikare. At vi blir friskare, lever lenger, slår nye rekordar, bryt fleire tabu, blir meir frigjorde.

Likevel har vi idag ulike tilnærmingar til fornying. Somme vil ikkje snakke om fornying, fordi Gud har skapt meg sånn som eg er. Men evangeliet har eit anna utgangspunkt: Gud skaper noko nytt, forkynner både profeten Jesaja og Jesus. «Slik skal de kjenne meg og skjøne at eg er Gud.» Ikkje noko menneske, ingen ordningar, ingen skavankar eller forfall er så umuleg at ikkje Gud kan skape noko nytt. Også dei som seier ’eg er skapt sånn og treng ikkje forvandling’ kan Gud hjelpe. Han har ein plan med ditt liv. Du må søkje han for å finne den.

Men det nye for Jesus er ikkje rikdom, ikkje rekord, ikkje frigjering frå tabu, ikkje nye illusjonar, ikkje helse, men frelse: «Son min, syndene dine er tilgjevne!» Når eit menneske vert reist opp og fornya på Jesu måte, handlar det om forvandling. Då må folk seie: «Aldri før har vi sett noko liknande!»

Dette er trua vår. Trua vår er at Gud kan skape noko nytt. Sjølv om dette vekkjer motstand. Truande menneske som flaggar trua si, kan opplevast som trugande. Establishment vert utfordra av Gud. Som ein norsk mainstream avisredaktør sa det nyleg: ”Religiøsitet er ei sak som bør haldast på det reint personlege plan.”

Det har kome truande menneske hit til landet som har praktisert trua si mykje meir målmedvite og frimodig enn vanleg norsk standard. Folk vert engstelege av slikt. Trollet vaknar og spør: «Kven er det som trampar på mi bru?»

Då er det på tide at vi gjer opp med oss sjølve kva det er å vere truande. Trua er ikkje til for å bli innestengd i private rom. Ikkje fordi trua vil ha makt, men ho vil ha rom. Trua vil ha folk som gir henne munn og mæle. Ho vil ha sjel, men også kropp! Ho vil vise igjen i terrenget! Når studentar ikkje vågar å stikke seg fram i studiemiljøet som truande. Når vaksne ikkje vågar å invitere med naboen sin til kyrkja.

Det kan opplevast meir behageleg å leve anonymt. Men vi må ”kome ut av skapet” som truande. Som heilt vanlege, altså katolske kristne. Å vere katolsk, er å vere ein vanleg kristen, ein confessor, ein vedkjennar, ein evangelist. Det er vi døypte og krismerte til å vere.

«Son, syndene dine er tilgjevne.» Dette er Menneskesonen si makt på jorda. Dette er Guds samfunnsprosjekt. Gud vil seg eit folk av vitne, av vedkjennarar. «Mitt folk skal forkynne min pris,» seier Herren.

Dei som får syndene sine tilgjevne, har fått alt nytt. Forvandlinga startar i skriftestolen. Der vedkjenner og erkjenner vi at Gud har rett. Der, i skriftestolen, er vi som den lamme i Kapernaum. Der må vi ned i kneståande, og får høyre orda: «Syndene dine er tilgjevne. … Eg er den som utsletter misgjerningane dine for mi skuld. Syndene dine kjem eg ikkje meir i hug.»

Og etterpå fylgjer lovprisinga. Som det var i Kapernaum. Slik vert Guds namn opphøgd, og Gud vert Gud. «… så de skal kjenna meg og tru på meg og skjøna at eg er Gud.»

Gud tek seg faktisk nær av korleis han blir omtala, han er ikkje ein dott. Han bryr seg ikkje om å bli respektert av politikarar og paragrafar. Han vil bli elska av frie hjarte, av sine skapningar og sine venar, av oss. Så vil han at du skal stå for trua di; i skrift og tale, i ord og gjerning der du er, der du lever, slik situasjonen krev det av deg.

Når motet og orket sviktar, skal du spørje: Kva var eg utan han, utan Kristus? Kva var eg utan hans inngrep i livet mitt? Då svarar profeten: «De er mine vitne, seier Herren. … Så de skal  kjenna meg og tru på meg og skjøna at eg er Gud.»

Der står vi, til ære for Faderen, Sonen og Heilaganden, som var, er og blir éin sann Gud frå æve til æve

+Ottar Mikael
Preike på høgmessa i Nikolaikyrkja på Granstemnet 2025
20. sundag etter pinse
Tekstar:
Jes 43,10-13: Einast Herren er Gud og Frelsar
Hebr 11,1-7: Vitnemål om tru
Matt 9,1-8/Mark 2,1-12: Fornying, forandring, forvandling

Translate »