For alle helgenar

«Dog er i Åndens mening
Alt her hun Herren nær
Har hellig søt forening
Med Herrens venner der.»

Dette er tema for vår feiring av Allehelgensdag. Dagen då vi minnast dei truande vi kjenner og «som har gått i førevegen for oss med trua sitt segl og søv fredens svevn». I den himmelske hærskaren er sikkert ansikta til nokon vi kjenner att. Sjølv om dei ikkje er kjende for all verda. Eingong kanskje slitne og rynkete, no strålande av Guds herlegdom.

Helgenar er som salt, seier Jesus. Salt i såret, salt i maten, salt på jorda. Men dei er også som hår i suppa og rusk i maskineriet. Ikkje friksjonsfrie nikkedokker, ikkje blodlause og aggresjonshemma. Men menneske av kjøt og blod. Syndarar eingong, men dei levde i nåden. Dei er reinsa i Kristi blod. Det gjer forteljinga om dei til ei forteljing om Jesus og vegen til han.
Allehelgensdagens evangelium er Matteus 5,1-12.

Fr Ottar Mikael

Translate »