Nordic Catholic News April 2024

På den norske vestkysten der eg bur, vaknar no våren langsamt i hagar og på marker. Somme netter ligg temperaturen under null, men sola minner oss dagleg om ei føreståande ny årstid. Naturen vitnar om den storarta påskebodskapen: Kristus er sanneleg oppstaden frå dei døde og råder som vår levande Gud over himmel og jord. Halleluja!

Sjølv har eg feira Stille veke og påske dette året med dei truande i St Olav kyrkje i Ålesund og i St Justin Martyr i Trondheim.

Sist helg vitja eg ein familie i den nordnorske byen Stokmarknes der eg krismerte heile familien på fire. Kyrkja vår veks talmessig langsamt men stødig.

Translate »