Olsokfeiringa står for døra, men kva er der å feire? – Vår åndelege tradisjon her til lands har svikta. Den store skya av vitne (Hebr 12) som vi treng for å få rett fokus, har fordunsta. Vi manglar heltar.
Ein helt er ein ven som bidreg til å forme livet ditt, ein du tenkjer, talar og reagerer likt med og stoler på. «Hvilken venn vi har i Jesus.»
Mi anklage mot vår norske, åndelege tradisjon er at vi har kutta kontakta med dei venene, gjerne kalla helgenar, som skulle vise oss vegen til Jesus. Skya av vitne skulle hjelpe oss å «… feste augo på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.»![]()
















