APOSTLANE SIN GRUNNVOLL

Jesus trengte apostlar til sitt kyrkjearbeid. Evangelia fortel om ei heil natt i fjellet i bøn til Faderen. Så voks avgjerda fram, han kalla til seg læresveinane og valde ut 12 av dei.

Jesus markerer at den kyrkja han grunnlegg er noko anna enn ein politisk organisasjon. Han er ikkje oppteken av politisk profil, men åndeleg. Kyrkja er ikkje eingong oppfunnen på jorda, men kjem frå himmelen. Når ikonmålarar målar evangelie-scena med utveljing av apostlane, gjer dei det med gullbakgrunn for å understreke at dette er ei hending som skjer i himmelen.

Peter og Paulus - Fra St. Johannes Døperen kirke i Oslo

Apostolisk skal kyrkja difor vere. Om ho ikkje var av apostlane, kunne ho sjølsagt vere av folket eller av teologane eller av politikarane. Ho kunne vere av staten eller av grunnlova eller av indremisjonen. Men det Herren kallar Kyrkje, er annleis. Ho kan berre ha denne grunnvoll, apostlane.

Difor heiter ho Kyrkje, som betyr ‘den som høyrer Herren til’. Ho høyrer Herren til som ei brud tilhøyrer sin brudgom. Apostlane er hennar bruresveinar.

Høgsongen i Det gamle testamentet er kyrkja sin song om brure-kjærleiken til Jesus. Dåpen er klinikken der kyrkja som mor føder Guds born. Nattverdmåltidet er hennar store bryllupsfest som vert feira i himmelen og som apostlane og deira etterfylgjarar førebur. Apostlane er tenarar for ei himmelsk skjønnhet i jordisk klednad.

Fr. Ottar Mikael

St. Olaf on the west front of the cathedral

Invitasjon til pilegrimsvandring og Olsokstevne i 2016

I forbindelse med Den nordisk-katolske kirkes Olsokstevne i Trondheim vil vi i 2016 gjenoppta den tradisjonelle pilegrimsvandringen over Dovre. Som det fremgår…

Read more

Antifonale for helgen Nynorsk - forside

Ny tidebønnbok: Antifonale til helgens tidebønner

Den nordisk-katolske kirke har utgitt en ny tidebønnbok Antifonale til helgens tidebønner/Antifonale til tidebøner for helga, som ble lansert under kirkestevnet på…

Read more

Communio sanctorum

Høstkonferanse på Gran 21.-23. oktober 2016

De helliges fellesskap – Hva vil det si å leve i kirken? Den nordisk-katolske kirke inviterer alle interesserte til høstkonferanse på Gran…

Read more

giving-e1346686194234

Skattefrie gaver til Den nordisk-katolske kirke i Norge – Øket beløp i 2016

Gaver til Den nordisk-katolske kirke i Norge er skattefrie inntil et maksi-mumsbeløp fastsatt av Skatteetaten. Dette er i 2016 øket til kr….

Read more


Warning: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, class 'CPM' does not have a method 'load_footer_resources' in /home/nordicc0/public_html/nordiskkatolsk.no/wp-includes/plugin.php on line 525